Fagradiograf
NAVRADIOLOGI VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF
📍 Volda, Møre og Romsdal
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 22 timer siden

Stillingsbeskrivelse
Er du ein radiograf med eit brennande engasjement for fagutvikling og kvalitet i pasientbehandling? Radiologisk avdeling ved Volda sjukehus søkjer no ein dedikert og strukturert fagradiograf til ei 100 % fast stilling innan konvensjonell radiologi. Hos oss får du høve til å vere ein nøkkelperson i vidareutviklinga av faget, med ansvar for dagleg drift, opplæring og fagleg rettleiing. Vi tilbyr eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø, moderne fasilitetar og ein variert kvardag i eit sjukehus i spennande utvikling.
Radiologisk avdeling i Volda har éin CT, éin MR, tre skjelettrøntgen-laboratorium, samt ultralyd og osteodensitometri. Vi har eit stabilt arbeidsmiljø og ein variert arbeidskvardag. I dag har seksjonen 16 radiografstillingar, der 14 går i rullerande 3-delt turnus.
Volda sjukehus har traumefunksjon og er i stor utvikling, med både utviding og oppgradering av fasilitetane. Avdelinga har nyleg fått eit nytt påbygg og ny MR-maskin, ny konvensjonell lab og ny CT vert installert i starten av 2026.
Vi ser fram til å motta din søknad og til å bli betre kjent med deg som ønskjer å bidra til vidare utvikling av radiografifaget ved Volda sjukehus. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale.
Ved intern tilsetting kan det bli ledig ei fast stilling som radiograf.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
• Sikre stabil og kvalitativ drift av konvensjonell røntgen
• Ansvar for opplæring av nytilsette og studentar innan konvensjonell røntgen
• Planlegging og gjennomføring av internundervisning for tilsette
• Utarbeiding, oppdatering og vedlikehald av prosedyrar og protokollar i tråd med gjeldande retningslinjer og fagleg utvikling
• Bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring og fagutvikling innan fagområdet
• Vere bindeledd mellom radiografar og leiar ved behov for fagleg avklaring eller utvikling
Kvalifikasjonar
• Autorisasjon som radiograf med norsk godkjenning
• Må beherske norsk godt, både skrifteleg og muntleg
• Det er ein fordel om du har erfaring fra tilsvarande arbeid
• Søkar må ønske å bidra til eit utviklande fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
• Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
• Lærevillig og fagleg nysgjerrig
• Positiv, med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Initiativrik, fleksibel og handlekraftig
• Motivert av varierte oppgåver og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar og samarbeidsevner vil bli vektlagde ved tilsetjing.
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Om Volda:
Midt mellom fjord og fjell finn du Volda – eit fantastisk utgangspunkt for naturopplevingar i Sunnmørsalpane. Her finn du alt frå enkle turstiar til spektakulære toppturar. Regionen har eit rikt kultur- og idrettstilbod, samt eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar, med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Sjå meir om Volda her og her.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Skipenes Andersen, Seksjonsleiar, lisbeth.andersen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5026841855
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.02.2026
Søknadsfrist: 11.11.2025

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Volda, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 22 timer siden
Om bedriften
R
RADIOLOGI VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Sparebanken Møre
Volda, Møre og Romsdal
Heltid