Overlege
NAVBjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF
Overlege
NAVBjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF
Stillingsbeskrivelse
Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til
pasientgruppa.
Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken
gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen,
Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har
klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på
Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda
psykose og allmennpsykiatri.
Bjørgvin DPS søker etter ein overlege i 100% fast stilling til fagområdet
psykose. Stillingene gir rom for alternativ tenking knytta til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide
intensivt i periodar for så å ha fri i periodar på inntil 14 dagar samanhengande. I friperiodane vil det vere
noko ubunden arbeidstid som legen nyttar til førebuing. Legane styrer sjølve denne arbeidstida. Klinikken
har ei kognitiv behandlingstilnærming.
Arbeidsoppgåver
Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:• Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
• Opplæring av pasientar og pårørande
• Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
• Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell
Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke
spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for
spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og
brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben
Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:• Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS
konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og
erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet
• Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan
døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har
totalt 140 pasientar i behandling
Bjørgvin psykose døgnbehandling:
• Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskoleutdanna personale
med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk
• Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med
spesialitet i allmennmedisin og sosionom
Kvalifikasjonar
• Spesialist i psykiatri
• Norsk autorisasjon som lege
• Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
• Ønskeleg med erfaring frå psykose
• Ønskeleg med erfaring frå rettleiing av LIS
Personlege eigenskapar
• Du er engasjert og løysingsorientert
• Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
• Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
• Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
• Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
• Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
• Lønn etter avtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Wenny Karin Bernes, Seksjonsleiar, 90980134
Arbeidsstad
Tertnesvegen 37
5113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5032021377
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Tertnes, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 6 dager siden
Om bedriften
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF
Andre stillinger innen samme område
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter / Tertnes Allmennpsykriatriske poliklinikk, Helse Bergen
Overlege
NAVBjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen HF
Randstad AS avd Bergen
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Havhesten FUS barnehage as