Sjukepleiar innan kreftomsorg?
NAVKreftpoliklinikk Haugesund sjukehus
📍 Haugesund, Rogaland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 5 dager siden
Sjukepleiar innan kreftomsorg?
NAVKreftpoliklinikk Haugesund sjukehus
📍 Haugesund, Rogaland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 5 dager siden
Stillingsbeskrivelse
Kjenner du deg igjen?Du likar å vere der for pasientane – i både medgang og motgang – og har eit sterkt ønske om å utvikle deg fagleg. Når du ser at innsatsen din gjer ein forskjell for andre, trivst du best. Du handterer krevjande situasjonar med ro, samarbeider godt med kollegaer frå ulike fagfelt og ønskjer å vere del av eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement.
Variasjonen er stor hos oss – du jobbar til dagleg på kreftpoliklinikken, og kvar fjerde helg er du på sengepost og følgjer opp pasientane der. Slik får du ein fin kombinasjon av tryggleik, læring og pasientnær erfaring.
Her får du moglegheita til å gjere ei skilnad i livet til pasientar og pårørande som står i ein krevjande livssituasjon – noko som gjer arbeidet både meiningsfullt og lærerikt.
Vi har spennande tider i vente! I 2027 flyttar vi inn i toppmoderne lokale – og blir del av ei ny, framtidsretta kreftavdeling for både poliklinikk og sengepost.
👉 Vil du vere med på reisa vidare? Send oss søknaden din – vi gler oss til å bli kjent med deg!
Kva gjer ein kreftsjukepleiar hos oss?
Dette er noko av det du vil jobbe med:
• Ivaretaking og behandling av pasientar som får kreftbehandling (cellegift og immunterapi).
• Du får utføre sjukepleieprosdyrar, handtera medikamentar og sikre at rutinane blir utført med god kvalitet.
• Undervisning og opplæring av pasientar, pårørande og kollegaer.
• Arbeid på sengepost kvar fjerde helg - slik at du får innsikt i heile pasientforløpet.
• Du får høve til å vere kontaktsjukepleiar for studentar i vidareutdanning.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
• Vidareutdanning i kreftsjukepleie/palliasjon er ønskjeleg. Har du minst to år klinisk erfaring med kreftpasientar, kan du likevel vere aktuell – men du må då forplikte deg til å ta vidareutdanning innan to til tre år.
• Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
På Kreftpoliklinikken kan arbeidsdagen vere både uforutsigbar og travel – derfor treng vi deg som:
• handterer høgt arbeidspress med ro, struktur og fagleg tryggleik
• møter pasientar og pårørande med respekt, medkjensle og tydeleg kommunikasjon
• set pris på å samarbeide tett med kollegaene, men òg kan jobbe sjølvstendig
• trivst i eit miljø med høgt tempo, og bidreg til eit positivt og støttande arbeidsmiljø
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
• Moglegheit til vidareutdanning med god økonomisk støtte og tilrettelegging.
• Ein variert kvardag mellom poliklinikk og sengepost.
• Fagleg påfyll, kurs og rettleiing frå erfarne kollegaer.
• Eit stabilt og støttande arbeidsmiljø med høg kompetanse og lågt sjukefråvær – der vi tek vare på kvarandre og trivst i lag.
• Høve til å delta i forskingsprosjekt og utviklingsarbeid innan kreftomsorg.
👉 Her finn du informasjon om videreutdanningsstillingar i Helse Fonna: Vidareutdanning - Helse Fonna
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Evelyn Endresen Sevland, Funksjonsleder, 91598851, E-post:evelyn.endresen.sevland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5020568729
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Haugesund, Rogaland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 5 dager siden
Om bedriften
K
Kreftpoliklinikk Haugesund sjukehus
Andre stillinger innen samme område
Bankers Pizza BAKERI Haugesund
Haugesund, Rogaland
Heltid
BESTSELLER STORES NORWAY
Haugesund, Rogaland
Heltid