Psykologspesialist/ psykolog
NAVPoliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund Helse Møre og Romsdal HF
Psykologspesialist/ psykolog
NAVPoliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Vi søkjer psykologar og psykologspesialistar som ønskjer å bidra til eit sterkt fagmiljø og eit inkluderande arbeidsfellesskap. Hos oss får du både faglege utfordringar og eit sosialt miljø der tilsette tek initiativ til felles aktivitetar og trivsel i kvardagen. Vi tilbyr rekrutteringstillegg for både psykologar og psykologspesialistar, og vi er opne for dialog om teamtilknyting og faglege satsingsområde ut frå dine interesser og kompetanse.
Poliklinikken har 54,5 stillingar der 13,5 er psykologspesialiststillingar. Vi er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling for personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga skjer gjennom individuelle samtalar, gruppeterapi og medikamentell behandling. Vi har kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. I tillegg er vi i gang med ein pilot på bruk av Noteless, og vi jobbar aktivt med å implementere KI-basert støtte til journalskriving for å effektivisere arbeidsprosessar og sikre god dokumentasjon.
Vi ønskjer å vidareutvikle kompetansen vår innan fleire fagområde, og satsar spesielt på psykoselidingar, traumelidingar, spiseforstyrringar og behandling av samansette rus- og psykiske lidingar (ROP). Har du ikkje erfaring innan desse områda, legg vi til rette for kompetanseheving. Vi er også opne for kompetanse innan andre relevante delar av psykisk helsevern.
Verksemda er organisert i ulike team. Vi har tre allmennpsykiatriske team fordelt på eit allmenn team, eit oppfølgingsteam og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ROP-team, samt to ambulante akutt team: FACT og ambulant akutt team. Sidan vi er i endring, er det mogleg å diskutere teamtilknyting ved tilsetting. Vi er ein poliklinikk i utvikling, og du vil få store moglegheiter til å vere med og forme framtida for poliklinisk behandling i Kristiansund.
Ta kontakt – vi ser fram til å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
• Utgreiing, diagnostisering og behandling både sjølvstendig og i samarbeid med tverrfagleg team
• Vidareutvikling av behandlingstilbodet
• Rettleiing internt og eksternt
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som psykolog
• Psykologspesialist
• Psykologar som ikkje er ferdig med spesialisering kan også søkje da det vert lagt til rette for fullføring av spesialisering
• Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper
• Sertifikat klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
• Du er strukturert og målretta
• Du har gode samarbeidsevner
• Du trivst i eit aktivt arbeidsmiljø
• Du er fleksibel, nytenkjande og løysingsorientert
• Du kommuniserer godt både internt og eksternt
• Du liker å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team
• Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
• Du har engasjement for fagleg utvikling og interesse for å bidra til vidareutvikling av behandlingstilbodet i poliklinikken
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Eit triveleg arbeidsmiljø der vi samlast til felleslunsj på pauserommet, vi inviterer til frokost og er på tur i nærområdet
• Løn etter gjeldande overeinskomst
• Rekrutteringstillegg for psykologar og psykologspesialistar
• Fleksibel arbeidstid
• Psykologer som nærmer seg ferdig spesialisering vil kunne vurderast for konstituering som spesialist
• Dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglement
• Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år for spesialistar
• Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
• Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
• For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mye natur å by på, varierte turmuligheter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innenfor klatring og friluftsliv og det er nylig etablert et innendørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Jørgen Lægreid, Seksjonsleiar, +47 92849056, Jorgen.Legreid@helse-mr.no
Arbeidssted
Hagan 9
6516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4946135959
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2025
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Kristiansund N, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 uker siden
Om bedriften
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Kristiansund kommune Allanengen skole
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Kristiansund kommune Barnehage og opplæringstjenesten
Kristiansund kommune Barnehage og opplæringstjenesten