Ledig stilling som overlege
NAVVoss DPS NKS Bjørkeli AS
📍 Voss, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 2 uker siden
Ledig stilling som overlege
NAVVoss DPS NKS Bjørkeli AS
📍 Voss, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 2 uker siden
Stillingsbeskrivelse
Om oss
Då ein av våre overlegar skal ut i permisjon søker vi vikar for denne. Ved Voss DPS tilbyr vi behandling til pasientar med moderate til alvorlege psykiske lidingar i eit trygt og strukturert miljø. Vi har eit særs godt arbeidsmiljø , prega av samarbeid, fagleg engasjement og høg kompetanse. Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team som jobbar tett saman for å gje pasientane best mogleg behandling. Som psykiater ved Voss DPS vil du møte eit stort og engasjert fagmiljø som vil ønske deg velkommen som kollega i vidare utvikling av våre tenester til det beste for pasientane i kommunane Voss, Kvam, Ulvik, Eidfjord og Vaksdal.
Som tilsett blir du godt kjend med den vakre bygda Voss, som ligg midt i smørauget av dei beste naturopplevingane Vestlandet har å by på, og i tillegg har eit rikt og spanande kulturtilbod, med fleire festivalar og faste arrangement. Med toget kjem du deg enkelt og miljøvennleg til både Oslo og Bergen.
Ved døgnavdelinga er det 12 sengeplassar og behandlarteam beståande av overlege, LIS, psykologspesialist og psykolog -- i tillegg til miljøpersonale. Ved poliklinikken har vi to poliklinikkar: allmenn med gruppeteam og rehabilitering.
Vikariatet gir opning for arbeid ved enten døgnavdeling eller poliklinikk, dette avklarar vi med deg før oppstart.
Arbeidsoppgåver
• Utgreiing, diagnostikk og behandling av pasientar ved døgnavdelinga og/eller poliklinikk
• Delta i tverrfaglege behandlingsmøte og fagutvikling
• Rettleiing av LIS-legar og anna helsepersonell
• Samarbeid med fyrstelinja
• Bidra til kvalitetsarbeid og utvikling av behandlingslinjer
• Delta i fagutvikling og forbetringsarbeid lokalt
Vaktordning
Stillinga inngår i bakvaktsordning for DPS-et med heimevakt. Vaktbelastninga er moderat og godt tilrettelagt for balanse mellom arbeid og fritid, og det er i dag 8 legar som inngår i vaktordninga.
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som lege med spesialisering i psykiatri
• Erfaring frå døgnbehandling er ein fordel
• Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i team
• Norske språkferdigheiter, munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
• Eit inkluderande og engasjert fagmiljø med høgt fokus på kvalitet
• Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale (Overeinskomst for spesialisthelsetenesta)
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Moglegheit for fagleg utvikling og kurs
• Subsidiert kantine og tilgang til treningsrom
• Fleksibel arbeidstid og fokus på balanse mellom jobb og fritid
• Internundervisning og lokale rettleiingsgrupper
• Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Blir du lokka av ein variert kvardag med gode utviklingsmoglegheiter, og kjenner deg klar for å ta steget vidare i karrieren din? Då vil me gjerne høyra frå deg!
Er det noko som er uklart? Ta gjerne kontakt.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Voss, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 uker siden
Om bedriften
V
Voss DPS NKS Bjørkeli AS
Andre stillinger innen samme område
Mølster Installasjon AS
Voss, Vestland
Heltid
Voss Resort
Voss, Vestland
Heltid
Voss Resort
Voss, Vestland
Heltid
Voss herad Vatn og avlaup
Voss, Vestland
Heltid