Psykolog/Psykologspesialist
NAVAmbulante tenester psykisk helse DPS Volda (Akutt hj.beh.), Helse Møre og Romsdal HF
Psykolog/Psykologspesialist
NAVAmbulante tenester psykisk helse DPS Volda (Akutt hj.beh.), Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Denne stillinga er primært knytt til FACT-teamet.
FACT (Flexible Assertive Community Treatment- fleksibel aktiv oppsøkande behandling)
FACT er eit tverrfagleg spesialisthelsetenesteteam beståande av psykiater, psykolog, og helse- og sosialfaglege tilsette. Alle i teamet vert involverte i alle saker. FACT gir fleksibel aktiv oppsøkande behandling for pasientar over 18 år med alvorleg psykisk liding og samansette behov, som ikkje let seg ivareta gjennom kommune og anna spesialisthelseteneste, og som har behov for langvarig behandling ambulant. FACT reiser heim til pasientane og nyttar i hovudsak recoveryorientert tilnærming over tid. Det kan vere fokus på psykisk og somatisk helse, økonomi, bustad, kosthald, nettverk, ADL-fungering m.m.
Teamet er tverrfagleg samansett med psykiater, sosionom, vernepleiar, sjukepleiar mfl.
Arbeidsoppgåver
• Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
• Relasjonsbygging med både pasientar og kollega
• Inntaksarbeid
• Rettleiing av dei som ikkje er spesialistar
• Bidra med psykologisk fagkompetanse i seksjonen
• Vere ein viktig del av eit tverrfagleg team
• Psykologiske vurderingar, diagnostisering og behandling
• Samarbeid med ulike faggrupper
• Eksternt samarbeid og undervisning
• Samtalar med pårørande
Kvalifikasjonar
• Psykolog eller psykologspesialist med norsk autorisasjon, psykolog på lisens som fører til autorisasjon kan også søke
• Psykologstudentar i siste semester kan også søke
• Fordel med relevant spesialisering/jobberfaring frå arbeid med rus og/eller psykisk helse
• Fordel med erfaring frå tverrfagleg/tverretatleg samarbeid
• Erfaring frå rettleiing og undervisning
• Ønskeleg med behandlarerfaring
• God evne til samarbeid vert vektlagt
• Gode kommunikasjonsevner og gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
• Må ha førarkort
• Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt - ved tilsetting vil ein legge vekt på gode eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Personlege eigenskapar
• Du er ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
• Du likar å bidra til kompetanseutvikling
• Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ver venleg å legge ved dine attestar og vitnemål til søknaden.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.Kontaktinformasjon
Solrun Brenk Rønning, Seksjonsleiar, 91570524, solrun.brenk.ronning@helse-mr.no
Arbeidsstad
Hamnegata 20
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5067062507
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Volda, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda (Akutt hj.beh.), Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Plantasjen
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Volda kommune, Avdeling barnehage