Rektor
NAVSektor kultur og oppvekst, Fyresdal kommune
📍 Fyresdal, Telemark
📂 Utdanning
📅 Publisert 1 uke siden

Stillingsbeskrivelse
Vil du vere ein del av eit nytt og framtidsretta leiarteam ved Gimle skule? Fyresdal kommune søker etter rektor. Jobben for deg med ambisjonar og kunnskap om framtidas skule.
Vi søker også assisterande rektor.
Om Fyresdal kommune – ein arbeidsplass i utvikling
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med tydelege ambisjonar. Med slagordet "Vekst og vilje" arbeider vi målretta for å skape eit attraktivt og berekraftig lokalsamfunn – for innbyggarar, næringsliv og tilsette. Kommunen satsar offensivt på bulyst, næringsutvikling og innovasjon, og har ambisjonar om å ta ei leiande rolle nasjonalt innan kunstig intelligens (KI) og digital utvikling. I tett samarbeid med næringsliv og kunnskapsmiljø ynskjer vi å legge til rette for nye arbeidsplassar, framtidsretta tenester og berekraftig vekst.
Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på. Her finn du eit levande lokalsamfunn med engasjerte innbyggarar, rike kultur- og friluftstilbod og gode oppvekstvilkår. I Fyresdal får du høve til å kombinere ein meiningsfull jobb med eit godt liv – der det er rom for både fagleg utvikling og kvardagsbalanse. Å jobbe i Fyresdal kommune betyr å vere med og forme framtida i ein liten kommune med store ambisjonar.
Fyresdal kommune søker etter rektor til Gimle skule. Stillinga er knytt til sektor for kultur og oppvekst og inneber varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø. Gimle skule er ein 1-10-skule med ca. 140 elevar og skulefritidstilbod.
Sektor for oppvekst og kultur har klare strategiar, der helse, fritid, lag og frivillige er naturlege samarbeidspartnarar. Heilskapleg og likeverdig oppvekstperspektiv er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel. Som rektor vil du møte ei samla leiargruppe i sektor og inngå i kommunedirektørens utvida leiargruppe med fokus på utvikling og leiing.
Som rektor er du innovativ, engasjert og vil ta skulen inn i framtida ved å styrke profesjonsfellesskapet, fylgje opp endringsprosessar og leie vidare utvikling. Du vil møte eit etablert tverrfagleg skulemiljøteam, ein framtidsretta pedagogisk-psykologisk teneste, tilsette med høg og samansett kompetanse, eit godt foreldresamarbeid og fokus på læringsmotivasjon og meistring.
Vi har fine lokalitetar og alt samla innanfor ein radius på 200 meter. Dette gjer det trygt og kostnadseffektivt.
Du vil rigge skulen for befolkningsauke og nye elevar og ha ei viktig rolle i stads- og samfunnsutvikling i Fyresdal.
Arbeidsoppgåver
• Pedagogisk leiing og rettleiing
• Samhandling med tilsette, elevar og føresette, ulike team og administrasjon
• Forvalte skulens totale ressursar på ein måte som sikrar god undervisning og læring
• Faste samarbeidsmøter i skulen, i sektoren, i utvida leiargruppe og regionale nettverk
• Økonomiansvar for skule og SFO
• Bidra i tverrfagleg samarbeid
• Sakshandsaming og oppfylging av lovverk
• Ansvar for skulen sitt pedagogiske og organisatoriske utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Formelle krav
• Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
• Leiarutdanning og/eller leiarerfaring.
• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg .
• God digital kompetanse og kjennskap til skuleadministrative verktøy.
Ynskjelege kvalifikasjonar
• Rektorutdanning.
• Erfaring med pedagogisk arbeid og personalarbeid.
• God økonomisk forståing.
• Kjennskap til offentleg sektor og skulen si rolle i eit tverrfagleg samarbeid.
• Erfaring med utviklings- eller kvalitetsarbeid.
• Strukturert med god gjennomføringsevne.
• Engelskkunnskapar.
Personlege eigenskapar
• Motivert for å vere del av ein kommune i utvikling.
• Sjølvstendig og ansvarsbevisst.
• Trygg, tydeleg og samlande.
• Samarbeidsevner med gode kommunikative og relasjonelle ferdigheiter
• Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet.
• Gjennomføringsevne, strukturert og god oversikt.
• Fleksibel og løysingsorientert.
• Trivst med varierte arbeids- og ansvarsområde.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
• Ein givande jobb der du kan utvikle deg både fagleg og personleg.
• Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
• Moglegheit til å påverke og utvikle kommunale tenester.
• Ein kommune med satsingsområde på barn og unge.
• Fortløpande opptak i barnehage og skulefritidsordning.
• Etter eitt års busetting og arbeid i kommunen kan du søke om sletting av studielån gjennom Lånekassen si statlege ordning (Fyresdal = sentralitetsklasse 6).
• Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Tilsettingsvilkår
• Krav om politiattest ved tilsetting.
• Teieplikt etter gjeldande regelverk.
• Seks månadar prøvetid.
Namn på søkar kan bli offentleggjort, jf. offentleglova.
Kontaktinformasjon
Liv Johre Bakke, Kommunalsjef kultur og oppvekst, +47 97 76 02 21
Arbeidssted
Fyresdalsvegen 2237
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Referansenr.: 5069195369
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Utdanning
- Sted
- Fyresdal, Telemark
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
S
Sektor kultur og oppvekst, Fyresdal kommune
Andre stillinger innen samme område
Fyresdal kommune
Fyresdal, Telemark
Heltid