Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
NAVSengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
NAVSengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Vi har ledig 3 faste og 2 vikariat i 100% med oppstart etter avtale.
Du kan gjerne kome med ønskje om du har behov for ein anna stillingsprosent som passer bedre for deg.
Sengepost Medisin 3 har 28 sengeplassar fordelt på dei spennande fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri. Vi har fagsjukepleiarar ved alle fagfelta, og fagdag for alle tilsette i turnus.
Vi er ein god arbeidsplass der vi har eit solid fagmiljø og fokus på best mogeleg pasientbehandling, tryggheit, kvalitet og respekt.
Her er det hyggelege og engasjerte kollegaer som vil ta godt imot deg, og arbeidsgleda hos oss er stor! Vi tek vare på og rettleiar kvarandre.
Vi jobbar saman i team, og vi samarbeidar med fleire faggrupper gjennom dagen. Helsefagarbeidarar får tildelt relevante arbeidsoppgaver etter å ha gjennomført opplæring, dette avlastar sjukepleiarane i ein hektisk kvardag.
Turnusen er tredelt, med arbeid kvar 3.helg, og du får kome med ønske om korleis legge vaktfordelinga best til rette for deg. Vi har tibud om langvakter på helg. Med langvakter vil det verte arbeid kvar 4. helg. Langvakter er frivillig.
Høyrest dette interessant ut, så legg inn ein søknad, og ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på!
Arbeidsoppgåver
• Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar
• Legemiddelhandtering
• Tverrfagleg samarbeid
• Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner
• Rettleiing av studentar og kollegaer
• Samhandling med kommunehelsetenesta
• Delta i forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
• Offentlig godkjenning som sjukepleiar
• Relevant videreutdanning og erfaring kan bli vektlagt
• Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
• Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
• Du er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientert
• Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
• Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
• Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Mette Malme, Seksjonsleder, 93451373, Mette.Malme@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5074485194
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 17.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Hjelset, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 uke siden
Om bedriften
Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sjukepleiar
NAVAllmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF
HABILITERING BARN OG UNGDOM KRISTIANSUND OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Seksjonsleiar
NAVFelles avdeling for medisin SNR, Helse Møre og Romsdal HF