Seksjonsleiar
NAVFelles avdeling for medisin SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Seksjonsleiar
NAVFelles avdeling for medisin SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
I slutten av april 2025 flytta vi inn i nye lokaler på Hjelset. Sengeposten er lokalisert i eiga lamell i 7 etg. med ansvar for fagområdene hjerte, infeksjon og geriatri, fordelt på 28 senger. Alle sengerom er einerom, i tillegg har sengeposten ansvar for 2 luftsmitteisolat til pasientar som ikkje er intensivkrevande.
Du vil ha leiaransvar for sjukepleiare, helsefagarbeidare og assistentar tilknytta sengeposten. Legar og anna støttepersonell, vert leia av sine respektive seksjonsleiare. Du vil samarbeide tett med leiarar for dei andre sengeområda, akutt 24, intensiv og akuttmottak.
Medisinske sengepostar har ein viktig funksjon i sjukehusets akutte beredskap og vi er stolte av å kunne arbeide i nye og tilrettelagte lokaler med nytt medisinsk teknisk utstyr. Det er høgt fokus på fagleg utvikling blant våre ansatte og godt samarbeid med ansvarlege legar for dei ulike fagområda.
Vi søkjer ein leiar som brenn for fagleg utvikling, er løysingsorientert og som bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. Vi håpar du er den som kan ta del i å leie og utvikle sengeposten vidare til det beste for ansatte og pasientar.
Arbeidsoppgåver
Sjukehuset i Nordmøre og Romsdal (SNR) består av fleire tverrgåande klinikkar underlagt Helse Møre og Romsdal HF. Den somatiske aktiviteten på Hjelset er samla under klinikk SNR, med lokalt plassert klinikksjef. Som seksjonsleiar vil du vere direkte underlagt Avdelingssjef Medisin SNR.
• Seksjonsleiar har ansvar for dagleg drift og utvikling av seksjonen i nært samarbeid med avdelingssjef.
• Seksjonsleiar har ansvar for at seksjonen blir driven i samsvar med gjeldande lover/forskrifter, interne retningslinjer og innanfor gjeldande økonomiske rammer.
• Seksjonsleiar skal sørge for at arbeidet skjer i samsvar med dei faglege standarane og kvalitetskrav som til ei kvar tid gjeld.
• Seksjonsleiar har eit samla personal-, budsjett og fagleg ansvar for seksjonen, og skal sikre bemanning og drift etter gitte rammer.
• Seksjonsleiar skal leggje til rette for god kvalitet og fagleg utvikling også med fokus på standardisering.
• Seksjonsleiar må ha fokus på utvikling og motivering av medarbeidarar.
• Seksjonsleiar må vise initiativ og innsats for utvikling av heile avdelinga, klinikken og føretaket.
Kvalifikasjonar
• Sjukepleiar eller anna 3. årig helsefagleg utdanning.
• Leiarutdanning er ønskeleg, men ikkje påkrevd.
• Leiarerfaring er ønskeleg, men ikke påkrevd.
• Erfaring frå samarbeid på tvers av faggrupper og organisatoriske einingar
• Klinisk erfaring er ønskeleg
• Gode datakunnskapar
• God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Personlige eigenskaper vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
• Vi ønskjer ein leiar som er synleg og tydeleg for sine tilsette og avdelinga
• Er opptatt av og veit kva som skal til for å skape eit godt arbeidsmiljø
• Er engasjert og har stor arbeidskapasitet
• Har fokus på endringsledelse og utvikling
• Er nysgjerrig på nyskapning
• Målbevisst
• Resultatorientert
• Gode samarbeidsevner
• Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
• Lønn etter avtale/kvalifikasjonar.
• Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
• Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
• Triveleg arbeidsmiljø
• Høgt fagleg nivå
• Fagleg og personleg utvikling
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad.
Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.Kontaktinformasjon
Petter Rangnes, Avdelingssjef, Petter.Rangnes@helse-mr.no
Arbeidssted
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5077191262
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.02.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Salg og service
- Sted
- Hjelset, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 2 dager siden
Om bedriften
Felles avdeling for medisin SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sjukepleiar
NAVAllmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
HABILITERING BARN OG UNGDOM KRISTIANSUND OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF