Ferievikar 2026 - Sjukepleiar, barnepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
NAVFerievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Ferievikar 2026 - Sjukepleiar, barnepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
NAVFerievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Klinikk Volda sjukehus treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2026. Vi treng sjukepleiarar, intensivsjukepleiarar, barnepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar og studentar innan sjukepleie, barnepleie, medisin og helsefag.
Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. 01.06.25 t.o.m. 31.08.25:
• Kirurgisk sengepost
• Intensiv
• Akuttmottak
• Føde, barsel og gyn.pol.
Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg.
Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
• Helsefagleg utdanning/bakgrunn
• Må beherske norsk skriftleg og munnleg
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar
• Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
• Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
• Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
• Fagleg interessert og lærevillig
• Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
• Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
• Trivst i ein aktiv og travel kvardag
Vi tilbyr
• Høgt fagleg nivå
• Triveleg arbeidsmiljø
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Amanda Faleide, Konst. Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost, amanda.faleide@helse-mr.no
Melkorka Vidisdottir, Seksjonsleiar, Intensiv, Melkorka.Vidisdottir@helse-mr.no
Hedvig Tone Høydalsvik, Seksjonsleiar, Akuttmottak, hedvig.tone.hoydalsvik@helse-mr.no
Heide Rinn Grimstad, Seksjonsleiar, Føde, barsel og gyn.pol, Heide.Rinn.Grimstad@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5043657779
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Volda, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 3 måneder siden
Om bedriften
Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
SpareBank 1 Regnskapshuset SMN
Sparebanken Norge
Coop Mega Volda
Kirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
REMA 1000 ØVRE ROTSET