Sjukepleiestudent/helsefagarbeidar
NAVKirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Sjukepleiestudent/helsefagarbeidar
NAVKirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Vi har ledig eit vikariat, arbeid 3.kvar helg, med moglegheit for seinare fast tilsetting.
Her får du jobbe i eit solid fagmiljø saman med hyggelege og engasjerte kollegaer, der vi alle har eit tydeleg fokus på å gi pasientane den beste moglege behandlinga. Vi har hovudsakleg kirurgiske og ortopediske pasientar, men også gynekologiske og urologiske pasientar. Samarbeid er nøkkelen for at pasientane skal få ei god oppleving under opphaldet på sjukehuset, og her vil du spele ei viktig rolle. Sengeposten er prega av eit høgt tempo, og her får du møte mange varierte og spennande utfordringar. Med mange ulike diagnosetypar gir denne arbeidsplassen høve til å utvikle kompetansen din på fleire område. I tillegg kan vi tilby eit trygt og sosialt arbeidsmiljø, der samhald og humor er viktige verdiar. Bli ein del av vårt engasjerte team, og ta del i eit arbeidsmiljø der du både kan utvikle deg fagleg og trivast som kollega.
Arbeidsoppgåver
• Dag-og kveldsvakter 3.kvar helg
• Stell og pleie av ulike pasientgrupper
• Planlegge og utføre ulike sjukepleieprosedyrer
• Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke
• Sjukepleie til palliative pasientar
Kvalifikasjonar
• Sjukepleiestudent
• Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
Personlege eigenskapar
• Du er ansvarsbevisst
• Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø
• Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen
• Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse
• Du må trivast med høg aktivitet i arbeidet
• Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper
• Du medverker til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna, og ha fagleg engasjement vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her. Kontaktinformasjon
Julianne Hovden, Seksjonsleiar, julianne.hovden@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5080028513
Stillingsprosent: 15%
Vikariat
Startdato: 09.03.2026
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 08.03.2026
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Volda, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 4 dager siden
Om bedriften
Kirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
SpareBank 1 Regnskapshuset SMN
Sparebanken Norge
Coop Mega Volda
REMA 1000 ØVRE ROTSET